Ingeniør/sivilingeniør Geodata ved Geodataseksjonen, Statens vegvesen Region vest – kontorsted Stavanger.
I Statens vegvesen Region vest, er det ledig stilling knytt til Geodataseksjonen ved Veg og transportavdelinga, kontorstad Stavanger.
Veg og transportavdelinga er organisert med fem seksjonar, Utredning, Byggherre, Trafikksikkerhet, Vegtrafikksentralen og Geodata. Avdelinga har medarbeidarar ved regionskontoret i Leikanger, samt ved kontora i Førde, Lærdal, Bergen, Voss, Haugesund og Stavanger. Geodataseksjonen har 24 medarbeidarar, lokalisert ved kontora i Leikanger, Bergen, Haugesund og Stavanger.
Geodataseksjonen har ansvar for å koordinere geodataverksemda i Region vest, samt landsdekkande spesialistansvar for nokre arbeidsoppgåver innan geodata i Statens vegvesen.
Vi kan tilby:
• ei utfordrande stilling i ein etat i stadig endring
• kollegaer med brei kompetanse
• spennande og varierte arbeidsoppgåver
• godt arbeidsmiljø
• gode tilbod for personleg og fagleg utvikling
• fleksitid
• pensjonsordning
• etaten har eigne bedriftshytter
Du må rekna med noko reiseverksemd. Skyss og kostgodtgjersle vert dekka etter statens sitt regulativ.
Arbeidsoppgåvene vil vere:
• Forvaltning av basis geodata og Statens vegvesens tematiske
geodata ( veg- og trafikkdata )
• Delta i regionale og nasjonale samarbeidsfora (bl.a. Norge
digitalt)
• Fagleg rådgjeving
• Brukarstøtte data og system
• Vidareutvikling av metodar og rutinar innan fagområdet
Også andre arbeidsoppgåver innanfor fagområdet kan vere aktuelle.
Kvalifikasjonskrav:
Eksamen frå universitet eller høgskule, minst 3 år. Nyutdanna
vert oppmoda til å søkja. For kandidatar med sterk og allsidig praksis
frå dei aktuelle fagområda, eventuell etterutdanning og gode personlege
føresetnader for stillinga, kan kravet til utdanning fråvikast.
Søkjarar må ha gyldig førarkort kl. B.
Vi legg også vekt på:
• Erfaring/interesse knytt til fagområdet
• Interesse for å ta i bruk moderne teknologi og nye system
• Evne til å jobbe sjølvstendig og bidra til eit godt arbeidsmiljø både
internt og i forhold til samarbeidspartnarar
• Strukturert, ta ansvar og vera lojal
• Fleksibilitet til arbeidsoppgåver
• Resultatorientert og evne til heilskapstenking
Ein god og mangfaldig arbeidsplass:
Statens vegvesen er ein arbeidsgjevar som er oppteken av
tydlege og trygge rammer for våre medarbeidarar. Vi har eit regelverk
som sikrar medarbeidarane sine rettar, og sjølv om det til tider er
hektisk hos oss og arbeidsmengda kan vere stor, legg vi vekt på at ein
har høve til fleksibel arbeidstid. Vi ønskjer at du skal kunne
kombinere jobb og fritid på ein god måte.
Etaten har likestilling som mål. Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegla mangfaldet i befolkninga. Det er difor eit personalpolitisk mål å oppnå ei balansert alders- og kjønnssamansetning og rekruttere personar med innvandrarbakgrunn. Personar med innvandrarbakgrunn vert difor oppmoda til å søkje stillinga. Personar med redusert funksjonsevne vert også oppmoda til å søkje stillinga.
Det vert gjort merksam på at opplysningar om søkjar kan bli offentlege sjølv om søkjar har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjar varslast om dette.
Lønsvilkår:
Vi tilbyr løn etter nærare avtale i høve til etaten sin
lønspolitikk. Det vert trekt 2 % pensjonsinnskot til Statens
pensjonskasse.
Kontaktperson:
Nærare opplysningar kan du få hjå Nils Heskestad på
telefon: 51911447, mobil: 91884755.
Er du interessert i stillinga ber vi deg sende søknad via vår jobbportal www.vegvesen.no/jobb , utlysings nr 3-003-12.
Søknadsfrist: 5.februar 2012.

