GIS-koordinator, Fylkesmannen i Møre og Romsdal
Fylkesmannen i Møre og Romsdal nyttar Geografiske Informasjonssystem (GIS) bredt innan dei fleste fagområdar. GIS-koordinatoren utgjer ekspertisen på fagfeltet, og skal støtte alle fagavdelingane i deira GIS-arbeid. Den som blir tilsett går inn i eit tverrfagleg teamarbeid der mykje av arbeidet er prosjektretta. Stillinga er lokalisert i kommunal- og beredskapsavdelinga.
Arbeidsoppgåver vil m.a.
vere:
Samordne og vidareutvikle bruken av GIS i eigen organisasjon.
Samarbeide med kommunane, fylkeskommunen og partane i Noreg digitalt i Møre og Romsdal. Utvikle interne fagsystem og applikasjonar.Vidareutvikle GisLink samordna kart- og fagdatateneste, som er retta mot
offentleg forvaltning og innbyggarane i fylket.Kartproduksjon.
Kvalifikasjonar:Vi søkjer ein person med utdanning på universitets- eller høgskolenivå innafor GIS.
Stillinga krev gode kunnskapar om GIS og gjerne kjennskap til ESRI ArcGISprogramvare. God kjennskap til standardar som t.d. SOSI, OGC, wms, wfs , gml og html er ein fordel. Programmeringserfaring er ein stor fordel, men ikkje noko krav.
Vi legg vekt på gode samarbeidsevner og evne til å arbeide
analytisk og systematisk. Du må både kunne jobbe sjølvstendig og i
team. Du må ha evne til å produsere, vere problemløysar,
sørvisorientert ein god formidlar og beherske norsk munnleg og
skriftleg. Målforma hos Fylkesmannen i Møre og Romsdal er nynorsk.
Utviklinga av vår organisasjon er ein kontinuerleg prosess, og den som
vert tilsett må vere open for endringar i oppgåver og
ansvarsområde.
Vi kan tilby:
Utviklande arbeid i eit triveleg miljø med gode muligheiter for vidareutvikling og kompetanseutvikling.
Løn etter stillingskode 1434 rådgivar i statens lønsregulativ etter kvalifikasjonar. Frå løna vert trekt 2 % pensjonsinnskot til Statens Pensjonskasse. Tilsettinga skjer etter gjeldande lover, instruksar og reglement.
Nærare opplysningar:
Avdelingsdirektør Marit Heggstad tlf. 71 25 84 47 marit.heggstad@fmmr.no
Rådgivar Øyvind Takøy Naas tlf. 71 25 84 81 oyvind.takoy.naas@fmmr.no
Meir informasjon om fylkesmannen finn du på
www.fylkesmannen.no/mr.
Søknadsfrist: 28. februar
2010
Vi gjer merksam på at søkjarlista kan bli offentleg sjølv om søkjar ber om anonymitet jf offentleglova § 25, 2. punktum.
Vi oppmodar våre søkjarar til å bruke vårt elektroniske søknadsskjema:www.fmmr.no/utlysing. Alle som søkjer må sende vitnemål og attestar, anten gjennom det elektroniske skjemaet eller i posten på adresse Fylkesmannen i Møre og Romsdal, Fylkeshuset, 6404 Molde. Hugs å merke sendinga med stillingsnummer.

