Stein Runar Bergheim, Avinet

Stein Runar Bergheim

(Stein) Runar Bergheim er direktør for forsking og utvikling i Asplan Viak Internet (AVINET), eitt selskap i Asplan Viak gruppa. Utanfor Europa arbeider Bergheim gjennom konsulentpartnarskapet NORPLAN. Bergheim studerte landskapsforvaltning og planlegging ved Høgskulen i Sogn og Fjordane og arbeidde seinare med GIS hjå Sogn og Fjordane Fylkeskommune. I 2001 var han med på å skipe AVINET for å utvikle den norske marknaden for kartløysingar på nett.

Adresser i Midtausten, kor vanskeleg kan det vere?

I 2008 planta Bergheim for fyrste gong dei svære føtene sine i Arabisk sand. Han hadde då ei forventing om å nytte fire månader på å utvikle og planlegge eitt addressesystem for Abu Dhabi – noko det er lett å gløyme når ein har det travelt og skal byggje ein millionby. Åtte år seinare sit Bergheim framleis i Abu Dhabi. Dette innlegget vil ta dykk med på ei letthjarta reise gjennom adresser, GIS, organisasjonskultur og teknologi i eitt miljø som på same tid er både totalt annleis og svært likt «heime».

Annonser